us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

Sparebank1 Fondo

Vel møtt til Sunnmøres første Gran Fondo.

Vi i Ulstein omegn sykkelklubb inviterar alle som ønsker til å ta del i Sparebank 1 Fondo 20 September. Arrangementet er eit ritt utan sammenlagt tidtaking, det er derfor ikkje om å gjere å komme først til mål, men ha dei beste opplevingane. Det vil dog bli lagt inn i alt fire segment gjennom Strava undervegs der det vil bli kåra ein vinnar for beste tid for dei som ønsker å konkurrere litt.

Vi legg til rette for lav terske og lave skuldre, det vert plassert mat/drikkestasjonar undervegs, samt mekanisk hjelp om ein treng det. Ved start og mål ved Sparebank 1 sine lokale i sentrum vert det lagt opp til litt sosialt med mat og snacks for alle deltakarar. Vi kjem i tillegg til å ha ein stand der vi kan hjelpe med sykkelmekking. 

Vi delar rittet i to delar der den eine er kortare enn den andre. Begge løypene følger samme rute i starten før dei går frå kvarandre etter drøyt 3 mil. Det er innlagte grusparti for å legge inn litt krydder i løypa.

Lang rute: Ulsteinvik-Snipsøyrdalen-Hjørungavåg-Hareid-Fjelle-Haddal-Myrvåg-Stokksund-Gursken-Ulsteinvik. 103km og 1350 høgdemeter.

Kort rute: Ulsteinvik-Snipsøyrdalen-Hjørungavåg-Hareid-Ulsteinvik. 43 km og 650 høgdemeter.

Segmenta med tidtaking (frå Strava) er markert med blått i kartet. Det vil også være tydelig merka i løypa med KOM start og slutt. Løypa vil ellers være godt merka med piler.

Håper dette kan verte eit kjekt lavterskel arrangement der alle kan ha det kjekt.

gran_fondo.png

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening