us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

UM Stjørdal 3. - 5. juli

Martin Notøy Nevstad (15 år) har gjennomført sitt første ritt under UM i Stjørdal. Dagens etappe var Tempo 10,5 km. Han sykla då i klasse M16 år.Han kom på 21. plass av 56. Veldig bra!!

I samtale i går kveld, uttalte Martin at det var "ei topp løype slik som eg likar, med skarpe svingar og bratte motbakkar om kvarandre". Dette fekk han tydelig merke i dag. Han starta knallhardt, og gjekk heilt i kjellaren. Etter målpassering var han heilt peist. Men kom seg på syklen att og fekk sykla seg ned.

I morgon er det ein ny spanande dag. Då er det 2000 m bane/velodrom. Og på laurdag er det fellestart landeveg, 72,5 km.

Vi krysser fingrane og ønskjer han lykke til.

Skal kome med oppdatering så raskt det let seg gjere.

 

leiar

Mosjonsritt under Hareidsdagane

I varmen på Hareid var det ikkje mange som stilte til start. 7 vaksne og 5 born.

Borna sykla ei rute framover dalen, og øvde litt på balanse og fart. Kjekt var det for alle sammen, og medaljene blekte flott rundt små barnenakkar.

Dei vaksne sykla via Hjørungavåg, Ulset, Røyset, Bigset, Morka, Holesanden, Ulset, Hjørungavåg og til mål, 3,2 mil.

        nr 1. Jan Einar Hovden  56.38 min (snittfart 34.1 km/t)                                                                

        nr 2. Thor Havåg          59.38

        nr 3. Eirik Mjønes       1.11.21

        nr 4. Arnfinn Ingjerd   1.11.43

        nr 5. Marit M. Ingjerd  1.15.45

        nr 6. Arne Gustavson  1.19.28

        nr 7. Hans Petter Rise 1.38.31

Veldig bra! og kjekt for dei som var med. Varmt var det verfall, med 28 gr i skyggen.

 

leiar

 

AURSJØRITTET 2008

Ulstein og Omegn stilte med seks mann i årets Aursjøritt, 2.august. Dette er eitt av dei mest krevande ritta i løpet av året, så dette er veldig bra!

M 30 - 34

      13. Jan Einar Hovden, 2.50.46

M 35 - 39

       51. Geir Kåre Øvrelid, 3.17.20                                                                

       52. Ivar Øvrelid, 3.18.28

M 40 - 44

       38.  Bjørn Oskar Holstad, 3.09.27

M 50 - 54

        6. Jan Helge Djupvik, 2.59.10

M 55 -59

      12. Asbjørn Hole, 3.31.50

God gjort!!

leiar

JAN EINAR HOVDEN, ALPERITTET 2008

JAN EINAR HOVDEN, ALPERITTET 2008

BILETE SANKING FRÅ ÅRETS SESONG

Vår offisielle fotograf, Stig Hole, ønskjer bilete som andre har teke på treningar og under konkurransar denne sesongen. Han vil lage ein cd, med ei bildekavalkade frå 2008, som han vil vise på neste klubbkveld eller årsmøte i februar.

Send bileta på mail:   stig.hole@tussa.com

 

leiar

KLUBBKVELD  TIRSDAG  2. DESEMBER

Alle bør no setje av tirdag 2.desember til klubbkveld. Den skal vere på lærarromet på Ulstein unggdomsskule kl. 18.oo.

Denne kvelden skal vi ha foredrag om kosthold og trening, ved Siv Berge Hoff.

I tillegg skal vi vise bilete frå årets sesong, få diverse info. M.a skal det informerast om felles sykkel-ferie til Italia/Toscana i juli.

Styret har også bestemt at vi skal arrangere aktivt sykkelritt her til våren. Det er allereie sett ned komitear som har starta arbeide med dette.

I tillegg skal vi ha tid til prat og litt planlegging ang. vintertrening og neste sesong. Deriblant satsingsområde som klubben vil gå inn å støtte økonomisk. Dette blir neste år ritt som Trondheim-Oslo (full eller kortare distanse) og Birkebeinarrittet.

Middagen kan du godt hoppe over denne dagen, då vi vil servere sunn, varm mat. FOR AT VI KAN SERVERE VARM MAT, MÅ VI HA BINDANDE PÅMELDING SEINAST FREDAG 28. NOVEMBER. Send påmelding til leiar; aj_hatlebakk@hotmail.com

HÅPER FLEST MOGLEG SER SEG TID TIL Å SAMLAST!!

Aud Janne

Fyrste klubbtrening i nye salen på Aktivsenteret.

OLDEMOR_2008_034.JPG
Forhånd.12

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening