us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

RESULTATLISTA ORBEA CUP OG ULSTEIN NORDEA-RITTET 2012

Bilete frå klubben sin fotograf, Don Johansson, frå Ulstein Nordea-rittet og Orbea cup, søndag 22. april 2012: http://smu.gs/I2de65

 

resultatliste_ulsteinvik_klassevis.pdf

RESULTATLISTA ETTER "BAKKETEMPORITTET" PÅ LAURDAG

Første gong vi arrangerte bakkeritt, men det var kjekt!

Vi hadde tre klassar: M13-19, M20++ og K.

Dette rittet var det Toyota Ulsteinvik som sponsa, og 1., 2. og 3. plass fekk henholdsvis kr 1000,-/750,-/500,-  Den einaste kvinna vann kr 500,-.

I tillegg var det ei konkurranse mellom lokale bedrifter. Dette var det kun Kleven Maritim som hadde prøvd på, og det er dei som fekk gåvekortet frå "Den gamle nabo" med middag for tre. Det var Asbjørn Vattøy og Olve Brandal som repr. Kleven.

BILETE FRÅ BAKKETEMPORITTET:  http://smu.gs/I0rn7E

 

 

Første mann på 13 - 19 er Vebjørn Hånes Egge - IKKJE Ørjan

skmbt_c45212042116240.pdf

Film frå laurdagen på sykkelfestivalen

Foto: Leiv Arne Grimstad, Vikebladet
Foto: Leiv Arne Grimstad, Vikebladet

Joar Drønnesund og Leiv Arne Grimstad i Vikebladet Vestposten har laga ei flott reportasje med video, bildeserie og resultatliste frå bakkerittet. Klikk deg inn på linken og sjå!

TAKK, TAKK, TAKK

Det er umuleg å arranger eit så stort arrangement utan gode sponsorar, sekretariat og bakkemannskap.

Sponsorane: Nordea er hovudsponsor på Ulstein Nordea-rittet

                       Toyota Ulsteinvik sponsa Bakketemporittet

                       Toyota Ulsteinvik og InterSport Straumane sponsa trailtriksesyklisten Thomas Remvik Aasen

Ulstein Nordea-rittet er viden kjent for alle dei flotte premiane som blir trekt på startnummera. Her må vi få takke: Birger Sunde Optik, Parfymelle, Ulstein Group, Elkjøp, Vallaker bakeri, Comfort Gjerde, Brudevoll Kjøtt AS, G-sport Hofset, InterSport Straumane, Havblikk Optikk, T. Riise, Sykkelbutikken, MX Sport Hareid, Euronics, Bygger`n, Hareid Rør, Bunnpris, Odd Inge Endresen.

Den sværaste gevinsen på gåvebodet var eit Festina herreur frå Birger Sunde Optik, som Martin Nordstad vann.

I tillegg sponsa Rema 1000 oss med sjokolade til alle deltakara, og Bama med bananar.

Bestemann og -kvinne premien gjekk i år til Ola Inge Drøpping, Nesset elite og Britt Pedersen, Ulstein OSK. Dei fekk begge kvar sin sjekk på kr 2000,-.

Ulstein Nordea rittet 2012 og Bakkeritt

For fjerde gong skal Ulstein & Omeg sykkelklubb, søndag 22. april,arrangere eit større ritt. Dette blir sesongens første sykkelrittet på våre kantar, og kan også kallas VÅREVENTYRET.

Ulstein Nordea-rittet:

Vi har ein fantasktisk natur her ute på øyane, og det er tidleg snøfritt, så alt ligg tilrette for at dette skal bli ein flott opplevelse for alle deltakarar gjennom den 70 km lange løypa rundt Gurskøy. Sjå løypekart!

Frå 17 år - 70+, blir det arrangert turritt, inndelt i klasser. Her må du løyse eingongslisens, om ikkje du har heilårslisens gjennom ein sykkelklubb. Dette rittet får frå Ulstein ungdomsskule - rundt Gurskøy og tilbake til Ulstein ungdomsskule.

NB! Rittet er oppført på terminlista til Norges Cykleforbund som "Ulstein Nordea-rittet"

Orbea cup:

Vi skal i år som i fjor også arrangere Orbea cup søndag 22. april, og arrangerer difor aktivt ritt i klassane M/K 13-14 og K/M 15 - 16 år. Løypa for Orbea cup blir frå Ulstein ungdomsskule - rundt Dimnøy - Ulsteinvik ungdomsskule. Denne løypa er 22 km. For M15-16 går den to gongar rundt Dimnøy, så dei skal sykle 32 km.

 

NYTT AV ÅRET!! Vi skal arrangere bakkeritt laurdag 21. april, frå Ulsteinvik sentrum og opp Gamlevegen. Her blir det intervall start. Fleire klassar: aktiv ritt frå klassane 13 - 16 år, turritt for 17+ og ei konkurranse mellom bedrifter (bedriftklasse). Kvar bedrift kan stille med lag med max tre ryttarar pr. lag.

Bilete frå treningsleiren på Mallorca påska 2012

Bergen - Voss

BERGEN/VOSS GJENGEN 2012
BERGEN/VOSS GJENGEN 2012

Som i fjor var dette en fellestur for Ulstein og Ørsta sykkelklubber. Fredag til søndag. Vi for nedover 24 stk.

 

Vi fikk alle syklene vel plassert i bussen til Sularuta – noe som faktisk var det mest spennende for meg.

Turen nedover gikk radig og vi for direkte til BOA sykkel for henting av startnumre.

Etterpå var det rett på hotellet for sykkelmontering før vi ladet opp med en tur på Egon.. Der var det stinn brakke, men mye taktikkprat rundt bordene. Ikke minst var mange uvanlig usikre på bekledningen ettersom det ble meldt nattetemperaturer ned mot 4 grader.

Tror nok mange syntes det ble litt seint i seng. I allefall var det tidlig opp i femtiden for de første med start allerede klokka 0630. Disse første var på Voss allerede 11.20!

De 2 raskeste gruppene planla å sykle hele veien uten å stanse på matstasjonene og mat og drikke underveis var et viktig tema.. mat på lomma..

 

Dagen rant skarp og fin med sol fra klar himmel! Morgenkaldt, men flott. Tror de fleste fikk kledd seg slik at de stort sett holdt varmen.

 

Turen ble vel litt ulik etter hvilken gruppe en syklet med. For  noen av oss ble turen litt spesiell ettersom vår pulje, pulje 44, ble valgt til å være en type markering for Linda Søraa Kalleklev som omkom under trening uken før rittet. Turen til Voss ble et verdig farvel til en sykkelkompis og trebarnsmor som gikk så tragisk bort. En sterk påminning om at sykkelsporten ikke er ufarlig og at livet må leves hver dag.

 

Bortsett fra en punktering gikk det fint med alle våre. Det var mange fornøyde ansikter å se på solrike Voss.

 

Utvalgte resultater: Britt Brekke Pedersenfra Ulstein ble nummer 14 av 542  kvinner. Bestemann av våre var Esben Mortensen på 4.54.56  Eldste var Magne Bergset (65) Rune Hovde må være en av de sprekeste ordførerene i Norge. 5.00.27 er en sterk tid!

 

Middag og fest på Fleischers hotel på Voss der vi bodde på hotellet. Britt var ikke bare rå på sykkelsetet, men gjorde og reint bord på dansegulvet!

 

Etter en sterk frokst søndag var det felles buss via Lærdal tilbake til Sunnmøre.

Vossabossen

Tor Wilhelm Havåg

 

 

Fleire bilete:

https://plus.google.com/photos/106597247668705582780/albums/5750108295732274385?authkey=CMrt67uW4KiQLg

 

 

 

Filmsnuttar frå treningsleiren på Mallorca påska 2012

http://www.youtube.com/watch?v=ARkIYnINWA4&feature=related 

http://www.youtube.com/watch?v=4EcIiq7OdvM&feature=related

Viktig!! ang. Birkebeinarrittet

Ulstein OSK vedtok på årsmøte og sponse medlemmar med buss til to store ritt. Også i år fall eit av vala på Birkebeinarrittet (det andre var Bergen-Voss).

Til no er det 14 medlemmar + ein som har kjøpt seg plass, meldt ifrå til leiar at dei vil vere med på dette opplegget. Vi har i år ordna overnatting på eit gardshus, 1,8 km frå startområde, noko som gjer det lettare for kvar enkelt å dra til start når dei sjølv måtte ønskje det, uavhengig av skyss. Ønskjer du overnattig (fred. - laurd.) her, så kostar det 1250,- for middag fredag kveld, oppreidd seng og frukost når vi ønskjer det.

ØNSKJER DU Å VERE MED PÅ DETTE OPPLEGGET, SÅ GI BESKJED INNAN ONSDAG 13. JUNI TIL LEIAR. Vi må betale halve beløpet som depositum innan utgongen av denne veka, så dette er svært viktig.

Dei som har meldt seg til no er: Bjørn Oskar Holstad, Geir Kåre Øvrelid, Ivar Øvrelid, Kjell Bjørn Hatlebakk, Jan Einar Hovden, Tormod Selmer, Morten Knutsen, Rasmuss Sundgot, Sverre Bjåstad, Bjørn H. Holstad, Ole Osnes, Modolf Hareid, Asbjørn Vattøy, Arve Rise, Olve Brandal

DÅ ER BUSS OG HENGAR FULL!!

Dag 6, 7 og bilete frå alt anna vi såg

Dag 2, 4 og 5

Treningsleir på Mallorca påska 2012

Reisa og dag 1

Tysdag 1. mai Vårmila i Kristiansund

Tre frå Ulstein OSK deltok på Vårmila i Kristiansund i helga.

Martin Notøy Nevstad vann det heile, og er no heldigvis frisk att. Grattis.

Bilete frå rittet: http://smu.gs/JGSLDY

Resultat: http://www.mylaps.com/results/showrun.jsp?id=2245601

TIRSDAGSTEMPO!!!
TIRSDAGSTEMPO!!!
Tempo treningsritt førstkommande tysdagI mangel av konkurranse sett vi igong ein uformell treningstempo T/R Flø frå reiten i Ulsteinvik. Løypa vert i alt i underkant av 18 km med 150 høgdemeter. Vi sett igong med første start 18:00 og avsluttar med rolig nedsykling i fellesskap etter endt ritt. Dette blir heilt uformelt og bare på gøy, så her er det ingen terskel for å møte opp. Ein får ikkje bruke temposykkel og spesialutstyr, her stiller alle likt med vanleg landevegssykkel.  Vi vil gje vekk eit gåvekort på 300kr frå Intersport til ein tilfeldig deltakar, det ryktast ei lita oppmerksomheit til pallplassane også, vel møtt! Leiar.
14.05.20 23:10
Reisebrev fra Costa del Sol
Reisebrev fra Costa del Sol
Her kjem eit lite samandrag av treningsleiren i Spania før Covid-19 plutselig satte alt på hovudet....Det var tre reisesjuke karar som møtte opp på Vigra ein kald, men fin dag i starten av Mars. For dei tre musketerane Frode Skauge, Martin Hovden Hareide og Peter Hagelund Horn låg 13 dagar på den godt kjente solkysten. Desse 13 dagane skule brukast på å få mange mil i beina og virkelig legge grunnlaget sesongen 2020.  Etter ei lang reise med to mellomlandingar og noko treig baggasje (dei har siesta heile døgnet i Spania) kom perane seg fram på hotellet. Valget kom på Holiday World Resort i Fuengirola like sør for Malaga. Hotellet har bra standard med stor veranda og kjøkken på rommet. Dette kom godt med for svoltne syklistar som ville nyte ettermiddagssola. Første dag på sykkelen gjekk innover i landet, vi lærte fort at Leikong-bakken er ganske slak i forhold til kva Andalucia har å skilte med. Men vi kom oss omsider til turens høgaste punkt Repetidor på over 900 meter. Etter dette gjekk turen i kupert og vakkert landskap innover landet før vi fann ei alternativ rute heim.  Dei to neste dagane kom begge på 110km, og høgdemeter blei spist som om det var popcorn. Etter tre lange dagar på sykkelen blei dag fire ein noko kortare tur, på denne turen fekk vi også selskap av Espen Sæther som syklar for Bergen sykkelklubb. Planen var at han skulle være med oss resten av oppholdet, men som dei fleste skjønner viser det seg at det skulle være ein stor kinesisk elefant i rommet som skulle sette ein stoppar for det, men meir om det seinare. Etter ein kviledag som bare kunne skilte med 1000 høgdemeter og 66km var vi klare for turens lengste og flottaste tur som tok oss oppp eit dalføre nord for Malaga. Her hadde vi milevis med ny asfalt og meir eller mindre bilfrie vegar. Dette er virkelig ei rute som må opplevast om ein skal kalle seg sykklist. Turen enda på over 14 mil og høgdemåleren passerte også 2000 høgdemeter slukt. For dei som er interesserte i tal hadde vi 26km/t i snittfart på litt over 5 timar sykling. Wattmåleren til undertegnede viste ett snitt på nesten 250w på turen, det var med andre ord ein knall dag på setet.  Etter denne turen begynte ting fort å snu mot det værre, det vart plutselig innført karantene når vi kom heim og situasjonen i verden hadde endra seg til det verre. Dagen etter vart brukt til mykje telefon heim, men vi rakk ei kortare økt på ettermiddagen med intervallar i fjella. Dette skulle vise seg å bli siste tur for denne gang.  Dagen derpå blei brukt til å booke alt for dyre flybillettar heim etterfulgt av pakking av koffert. Vi forsøkte å nyte freden på solsenga ein siste dag då vi såg at turen dessverre fort gjekk mot slutten noko prematurt. Som ei oppsummering er vi alle enige om at Andalucia i Spania e eit mekka for sykkel, temperaturar på linje med Gran Canaria kombinert med variert terreng i området gjer at det har alt ein kunne ønske seg, spesielt dersom man er en hund etter høgdemeter. 
24.03.20 22:24
Årsmøte 2020
Vi inviterar til årsmøte i Ulstein omegn sykkelklubbÅrsmøtet vert i år som ifjor i Ulsteinhallen. Det vert servert mat med oppmøte 19:00. Vi håpar so monge som mogleg velger å kome, meir info kjem når det nermar seg. Vel møtt,  Leiar.
12.02.20 18:45

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening