us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

Fra turer sommeren 2004

Minner fra i sommer , her fra Stigedalen

Fra venstre ser du Jan Helge - Vidar - Bjørn Oscar Holstad - Stig R - Asbjørn og Kjell Fagerlund
 

Fra venstre ser du Jan Helge - Vidar - Bjørn Oscar Holstad - Stig R - Asbjørn og Kjell Fagerlund

 

Nå når sesongen er på hell , så må vi se oss litt tilbake.
Tre helger startet vi kl.0815 fra Ulsteinvik med rundt 20 plussgrader og sol,ute i Dragsund kom som oftest Jan Helge og Vidar oss i møte , før vi kursa på ferga fra Årvika til Koparneset .
Tore Bjørneseth som bor på Åheim dukka også opp , så det vart ein god gjeng med sykkelkamerater som sykla seg gjennom to fylke.
Fast stopp på Eid for mat og "røling" før vi kursa opp Stigedalen , der va det som oftast god pæs "oppigjønå" mot Tua ,før vi sykla ned gjenom vakre Bjørkedalen stor fart, forbi Kile og ned til Straumshamn .
Vi tok av ut mot Bjørneset og Høydalen så til Austefjorden der vi stoppa att med elva på Fyrde for å få oss litt mat, før vi starta turen ut igjen forbi Volda og Ørsta til Rjåneset og ferga heimatt.
Dette er turer som tek heile dagen for det er ca 220 km rundt nes , inn fjorder og over fjell i den fineste vestlandske natur du kan få sjå.
Dei som ikke var med i år får glede seg til neste år, for det kjem fleire turer til våren , og da får vi ei enda lenger rekke av syklister fra Ulstein og Omegn Sykkelklubb.

 

 

TIRSDAGSTEMPO!!!
TIRSDAGSTEMPO!!!
Tempo treningsritt førstkommande tysdagI mangel av konkurranse sett vi igong ein uformell treningstempo T/R Flø frå reiten i Ulsteinvik. Løypa vert i alt i underkant av 18 km med 150 høgdemeter. Vi sett igong med første start 18:00 og avsluttar med rolig nedsykling i fellesskap etter endt ritt. Dette blir heilt uformelt og bare på gøy, så her er det ingen terskel for å møte opp. Ein får ikkje bruke temposykkel og spesialutstyr, her stiller alle likt med vanleg landevegssykkel.  Vi vil gje vekk eit gåvekort på 300kr frå Intersport til ein tilfeldig deltakar, det ryktast ei lita oppmerksomheit til pallplassane også, vel møtt! Leiar.
14.05.20 23:10
Reisebrev fra Costa del Sol
Reisebrev fra Costa del Sol
Her kjem eit lite samandrag av treningsleiren i Spania før Covid-19 plutselig satte alt på hovudet....Det var tre reisesjuke karar som møtte opp på Vigra ein kald, men fin dag i starten av Mars. For dei tre musketerane Frode Skauge, Martin Hovden Hareide og Peter Hagelund Horn låg 13 dagar på den godt kjente solkysten. Desse 13 dagane skule brukast på å få mange mil i beina og virkelig legge grunnlaget sesongen 2020.  Etter ei lang reise med to mellomlandingar og noko treig baggasje (dei har siesta heile døgnet i Spania) kom perane seg fram på hotellet. Valget kom på Holiday World Resort i Fuengirola like sør for Malaga. Hotellet har bra standard med stor veranda og kjøkken på rommet. Dette kom godt med for svoltne syklistar som ville nyte ettermiddagssola. Første dag på sykkelen gjekk innover i landet, vi lærte fort at Leikong-bakken er ganske slak i forhold til kva Andalucia har å skilte med. Men vi kom oss omsider til turens høgaste punkt Repetidor på over 900 meter. Etter dette gjekk turen i kupert og vakkert landskap innover landet før vi fann ei alternativ rute heim.  Dei to neste dagane kom begge på 110km, og høgdemeter blei spist som om det var popcorn. Etter tre lange dagar på sykkelen blei dag fire ein noko kortare tur, på denne turen fekk vi også selskap av Espen Sæther som syklar for Bergen sykkelklubb. Planen var at han skulle være med oss resten av oppholdet, men som dei fleste skjønner viser det seg at det skulle være ein stor kinesisk elefant i rommet som skulle sette ein stoppar for det, men meir om det seinare. Etter ein kviledag som bare kunne skilte med 1000 høgdemeter og 66km var vi klare for turens lengste og flottaste tur som tok oss oppp eit dalføre nord for Malaga. Her hadde vi milevis med ny asfalt og meir eller mindre bilfrie vegar. Dette er virkelig ei rute som må opplevast om ein skal kalle seg sykklist. Turen enda på over 14 mil og høgdemåleren passerte også 2000 høgdemeter slukt. For dei som er interesserte i tal hadde vi 26km/t i snittfart på litt over 5 timar sykling. Wattmåleren til undertegnede viste ett snitt på nesten 250w på turen, det var med andre ord ein knall dag på setet.  Etter denne turen begynte ting fort å snu mot det værre, det vart plutselig innført karantene når vi kom heim og situasjonen i verden hadde endra seg til det verre. Dagen etter vart brukt til mykje telefon heim, men vi rakk ei kortare økt på ettermiddagen med intervallar i fjella. Dette skulle vise seg å bli siste tur for denne gang.  Dagen derpå blei brukt til å booke alt for dyre flybillettar heim etterfulgt av pakking av koffert. Vi forsøkte å nyte freden på solsenga ein siste dag då vi såg at turen dessverre fort gjekk mot slutten noko prematurt. Som ei oppsummering er vi alle enige om at Andalucia i Spania e eit mekka for sykkel, temperaturar på linje med Gran Canaria kombinert med variert terreng i området gjer at det har alt ein kunne ønske seg, spesielt dersom man er en hund etter høgdemeter. 
24.03.20 22:24
Årsmøte 2020
Vi inviterar til årsmøte i Ulstein omegn sykkelklubbÅrsmøtet vert i år som ifjor i Ulsteinhallen. Det vert servert mat med oppmøte 19:00. Vi håpar so monge som mogleg velger å kome, meir info kjem når det nermar seg. Vel møtt,  Leiar.
12.02.20 18:45

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening