us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

TRENINGSTUR TIL MALLORCA

024565.jpg

Elleve medlemmar frå Ulstein og Omegn sykkelklubb tilbringer påska på sykkelsetet. Seks juniorar og fem vaksne. Bak frå venstre: Morten Knutsen, Asbjørn Hole, Lindor Ulstein, Kjell Bjørn og Aud Janne Hatlebakk. Framme frå venstre: Eirik Knutsen, Peter H. Horn, Birger S. Johansson, Kristoffer Ulstein, Ørjan Djupvik og Tormod Selmer.

Vi starta reisa tidlig (kl. 04:00) frå Hareid laurdags morgon med 2- på gradestokken, og landa i Palma kl. 12:30 der temperaturen var 19+. Ein RASK drosjetur førte oss til hotel El Cid ved strandpromenaden, 3 km frå Palma sentrum.  Etter å ha installert oss på hotellet var det sjølvsagt lunsj i sola. HERLIG! Fargen kom promte! Kvelden vart avslutta med ein flott middagsbuffet på hotellet, før vi tidlig fann køya.

Dag 1:

Dagen starta med litt krøll, men slikt løyser vi sunnmøringar med eit smil. Klokka 11:20 var imidlertid alle syklar og syklistar klare. Vi sykla austover i eit lite medvindsdrag gjekk dei første 5 mila raskt. Det flottaste var følelsen av sommar, med kun kortebukse og korterma trøye. Temp. 22 gr og heilt blå himmel. Stoppa ei god stund i ein liten landsby, der vi lunsja. Etter lunsj tok vi ein avstikkar til eit lite fjell - San Salvador -  med 6 km stigning, med ein stigning som varierte mellom 6 - 10 %. På toppen drakk vi av det hellige vatnet, før det gjekk så det suste nedatt. Deretter sette vi nasa mot hotellet, men pga. litt feilval vart turen på vèl 13 mil. Vel tilbake på hotellet var det ein god dusj, før vi fylte magen heilt opp med eit bugnande buffet middag.

 

Treningsleir påska 2012

Ulstein og Omegn sykkelklubb skal på treningsleir til Mallorca i påska 2012 Vi reiser nedover laurdag 31. mars og heim søndag 8. april.

Vi er seks juniorar i alder 17 - 19 år som skal reise, saman med to trenarar. I tillegg er det tre andre vaksne som også har meldt seg på. (to kvinner og ein mann). 

Vi har bestilt hotel via  http://www.lexberg.no/, og har valt Hotel El Cid, som du kan lese meir om på http://www.alpharooms.com/hotel_el_cid_in_playa_de_palma.aspx?r=g&ph=PS8327&_$ja=kw:hotel+el+cid|cgn:Majorca+-+Playa+De+Palma+-+Hotel+El+Cid|cgid:1316773574|tsid:8741|cn:Spain+-+Majorca+Hotels|cid:40176224|lid:185284836|mt:Exact|nw:search|crid:6468977684&gclid=CJqcidOm0asCFQNYmAodWFCbUw

Det var dette firmaet vi nytta for to år sidan, og var fornøygde med opplegget. Det er dobbeltrom m/halvpensjon, tilpassa syklistar, då dette er eit sykkelhotel. Du må bestille syklar no, om du har tenkt å leige i påska, då det er stor pågong.

Vi har bestilt med SAS, og reiser frå Vigra. Men det går også andre flyselskap som ein kan nytte.

Treningsopplegget er basert på rolege langturar.

Det er fleire av medlemmane våre som også kan tenkje seg og vere med, veit vi. Så om de ynskjer det, så bestill raskt. Ta gjerne med heile familien. Kort avstand ifrå flyplassen og Palma by. (3 km)

 

styret

Dag 2:

034705.jpg

Også denne morgonen stod vi opp til ein fin dag, med lettskya og 22 gr. I dag gjekk turen via Palma og opp i ein berømt fjellandsby - Valdemosa - 432 m.o.h. Lunsjen -  "Bikers meny" -  vart inntatt her, før turen for halve gjengen gjekk i bratt!! nedstigning, ned til ein liten landsby ved havet. Turen opp var svært hard i dei knappe serpentinersvingane, og alle forsette over neste fjellparti, som låg på ca. 540 m.o.h. Men, så gjekk det nedover så det suste rundt øyrene, mens geitene svatt av vegen for barske sunnmøringar. Det var no nedoverbakke heilt til Palma, og strandpromenaden var ei flott avsluttning på denne dagen.  

009.jpg

Dag 3:

Denne tredje dagen starta vi litt seinare, då vi la opp til ein kortare og roleg tur. Køyrde mot aust i lettskya, fint vêr og 22 gr. Turen gjekk først til Sa Rapita, der vi heiv innpå med pizza og spagetti, før turen gjekk mot nord og vidare mot vest igjen, på smale, asfalterte vegar med steingjerder på begge sider, med minimalt med biltrafikk. Fantasktisk! Turen vart på 80 km.  

010.jpg

Dag 4:

På grunn av såre rumper og andre småskavanker, delte vi i dag ungdomsgruppa. To unge og to "litt" eldre, la tidlig i dag ut på ein 93 km lang tur i dag, opp i fjella i vest. Kom opp i ca. 1450 høgdemeter Lunsjen vart inntatt i Antrax. Dei fire andre ungdomane måtte gjennom ein times styrketrening på standa, før turen i dag gjekk til Palma sentrum, der dei fekk trakke av seg ein del på asfalt/brustein. Alle var ivertfall fornøygde, og kan vi anna med blå, blå himmel og 21 gr. også i dag.

PS! Det er ei fryd å få være saman med desse kjekke ungdomane. Dei er gode representantar for både klubb og Søre luten!!

024163.jpg

Dag 5:

Denne morgonen var det overskya, og vi frykta litt regn, MEN det kom heller ikkje i dag. Denne dagen vart lagt opp litt roligare igjen, og vi valgte å sykle inn i landet. Turen gjekk til Petra, og der stoppa vi (som de ser på bilete) og tok lunsj, på "Bikers plaz". Vi var ca. 100 syklistar til lunsj her, og sola kom sjølvsagt fram for fult. Etter dette gjekk vegen mot Randa. På vegen dit blingsa vi litt på løypa, og hadde cykle cross ut på eit jorde. Men, det gjekk bra, og så har vi fått prøvd det også. Nokre av oss stoppa på den lokale restauranten i Randa, medan resten tok turen til toppen 517 m.o.h. Så bars det nedover, og siste 10 km var ei heilt bein strekning som innbaud til litt fart. Det vart ein fantastisk tur, på smale vegar med lite biltrafikk, med lavendel- og blomsterduft i nasa, og utsikt til både appelsin og sitronlundar. Grøne markar med beitande hestar og eit yrande fugleliv (til og med jøken er her) er livet verkeleg godt. Når då gradestokken passerte 20 gr. så er sykkellivet her på Mallorca heilt topp. Dagens etappe vart på 120 /110 km. Dei som no har sykla lengst, har no passert 500 km. Rett fantastisk!

Dag 6:

Dagen starta så bra, og målet var 138 km nordvest opp i fjella. Denne morgonen var det også lettskya og sol, og vi la i veg med godt mot. Første bakke var 5,1 km lang, opp Coll de Sôller (668 m.o.h.), der vi køyrde serpentinersvinger i høgt tempo. Etter ei bratt utforkøyring ned til Sôller, tok vi ein kort pause. Så bar det rett i ein ny serpentinerbakke til Coll de Puig Major (866 m.o.h) på 14 km med ca. 6% stigning, også det vart tilbakelagt i eit hurtig tempo. På toppen var det ei ny, kort pause, før det bars nedover igjen til krysset mot Sa Calobra, der vi provianterte i ein kiosk. Det negative var at det starta å regne.

Så inntraff det som vi aller mest frykta; Ørjan tråkka til i starten på ein bakke, kjedet rauk, og han deiste i asfalten og vart liggjande. Det kom raskt til med folk, som både tilkalla sjukebil, og med førstehjelp. Ein tysk lege var med å hjalp til. Det vart etterkvart veldig kaldt og vått, og timen fram til sjukebilen kom vart både lang og kald. Kristoffer vart med Ørjan til sjukehuset, medan Asbjørn, Peter og Kjell Bjørn vart ståande att med tilsamman 5 syklar. Men vi var heldige, og sykkelutleigar kom etterkvart med ein liten Ford, der alle tre + dei fem syklane vart trykte inn. Dette må kanskje kome i Guines rekordbok. Heldigvis, etter fem timar på sjukehus, vart det konstantert ikkje brudd, noko dei trudde i ambulansen. Så det var ein forholdsvis letta gut som i grøn sjukehuspysj kom tilbake til hotellet med gipsa fot.         

Som de ser så enda det godt, og dagen etter nyt dei sola!
Som de ser så enda det godt, og dagen etter nyt dei sola!
Det var Asbjørn, Tormod, Morten og Kjell Bjørn som var med den siste dagen, medan dei andre roa ned ved bassengkanten.
Det var Asbjørn, Tormod, Morten og Kjell Bjørn som var med den siste dagen, medan dei andre roa ned ved bassengkanten.

Dag 7:

Siste dagen på sykkelsetet vart ein rolig tur på 65 km mot aust. Dei som har sykla lengst denne veka har sykla 720 km denne veka. Vi har vore svært heldige med vêret, og fått mykje god trening i forhold til det vi hadde fått om vi hadde vore heime. I morgon dreg vi frå "soløya" kl. 12:25 og landar på Vigra 21:30 forhåpenteligvis uten snøbyger.

Ulstein Nordea Rittet 2019
Ulstein Nordea Rittet 2019
Vi arrangerer ritt den 12. mai kl 13:00, ny løype med start ved Leikong Grendahus/skule. Det vert både Turritt og Trimritt. Turrittet syklar to runder med start ved Leikong Grendahus og mål ved Leikong Kyrkje, 94 km.  Trimrittet startar på toppen av Leikongbakken og syklar ei runde med målgang ved Leikong Kyrkje, denne klassa vil slik sett ikkje sykle Leikongbakken. Lengde 45 km.Rittet er eit landevegsritt for: 1) Tur-ritt for klassene 17 år og elder damer og herrar. Start er kl. 1300 for dei som syklar 2 runder. Løypa er 47 km x 2 = 94 km 2) Trimritt for alle aldersklasser inkl. born og unge, born under 13 år må sykle i følgje med vaksen. Desse startar etter at feltet for tur-rittet har passert, ca kl 13:10 og går frå toppen av Leikongbakken, sjå kart og bilete. Desse syklar ei runde på 45 km lengd. Påmelding Turritt her Startkontingent 350,-  Påmelding Trimritt her Startkontingent under 17 år: 100,-/ Over 17 år: 200,- Flott gåvepremie frå Møbelringen vert trekt mellom alle som fullfører:  WONDERLAND® OCTAVE KONTINENTALSENG 150X200 CM - Verdi  kr 14.000
16.04.19 09:59
Ulstein Nordea Rittet 2018 er AVLYST
Grunna omfattande krav til utdanning av vakter har vi desverre avlyst rittet for 2018Ulstein og Omegn Sykkelklubb er svært lei for at vi må avlyse rittet og vil jobbe for å få utdanna og godkjent vakter til 2019 slik at vi kan arrangere rittet igjen. Medlemmer og publikum som ønskjer å hjelpe til enten som personvakt eller motorsykkelvakt kan kontakte klubben.  Arnfinn Oksavik, Leiar tel 90686931
15.05.18 15:40
Film frå Ulstein Nordea Rittet 2017
Himmelhøgt Media & Profilering har laga film frå årets Ulstein Nordea Rittet.
25.05.17 10:03

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening