Ulstein Nordea Rittet 2019
Vi arrangerer ritt den 12. mai kl 13:00, ny løype med start ved Leikong Grendahus/skule. Det vert både Turritt og Trimritt. Turrittet syklar to runder med start ved Leikong Grendahus og mål ved Leikong Kyrkje, 94 km.
Trimrittet startar på toppen av Leikongbakken og syklar ei runde med målgang ved Leikong Kyrkje, denne klassa vil slik sett ikkje sykle Leikongbakken. Lengde 45 km.Rittet er eit landevegsritt for:
1) Tur-ritt for klassene 17 år og elder damer og herrar. Start er kl. 1300 for dei som syklar 2 runder. Løypa er 47 km x 2 = 94 km
2) Trimritt for alle aldersklasser inkl. born og unge, born under 13 år må sykle i følgje med vaksen. Desse startar etter at feltet for tur-rittet har passert, ca kl 13:10 og går frå toppen av Leikongbakken, sjå kart og bilete. Desse syklar ei runde på 45 km lengd.
Påmelding Turritt her Startkontingent 350,-
Påmelding Trimritt her Startkontingent under 17 år: 100,-/ Over 17 år: 200,-
Flott gåvepremie frå Møbelringen vert trekt mellom alle som fullfører:
WONDERLAND® OCTAVE KONTINENTALSENG 150X200 CM - Verdi kr 14.000
16.04.19
09:59