Ålesundsrittet 2020
To frå Ulstein OSK sto på startstreken i årets utgave.
Det 94 km lange ålesundsrittet gjekk av stabelen søndag, med Heine Kulø og Peter Horn til start frå Ulstein. Rittet starta forholdsvis roleg med nokon spurtar undervegs. Peter satt vel framme og Heine satt smart lenger bak i feltet og sparte på kreftene.
Tre mann stakk ved ulike tidspunk på første runda av frå feltet, desse skulle feltet aldri klare å ta igjen. Det danna seg eit redusert hovudfelt på ca 8 mann bak utbryterane første gong opp Fiksdal. I hovudfeltet satt Peter aktivt med, då det nerma seg Fiksdalsheia for andre gong blei gruppa på 8 mann splitta og kom stykkevis og delt til mål. Heine fullførte sitt aller første ritt og fekk mykje god trening og lærdom, Peter enda på ein fin 7 plass.