us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

Klubbtrening 

Det er klubbtrening kl 18:00 - 19:15 kvar torsdag på Aktivtrening Varleite. Det har stortsett vore ein fast gjeng, men det er plass til mange fleire. 

Trenarar i vinter blir enten Martin, Peter eller Aud Janne.

Fram mot nyttår blir det no styrketråkk/terskeltrening.

Torsdag 5.des er det AJ som tek treninga.

Viktig å bygge sosialt også på vinteren:-)

Børge Remøy vann Kystrittet og Eide sykkelfestival sammenlagt!!! Grattis!

Sjå her:

  https://dub123.mail.live.com/mail/InboxLight.aspx?n=1289692967&fid=1&mid=57c2ebe2-0416-11e3-aaf0-002264c1c75c&fv=1#!/mail/ViewOfficePreview.aspx?messageid=26e0dd57-08ce-11e3-9f93-00215ad75280&folderid=00000000-0000-0000-0000-000000000001&attindex=0&cp=-1&attdepth=0&n=1337421447

"Randsfjorden Rundt"

I år deltok 3 medlemmer frå Ulstein og Omegn Sykkelklubb (USK) på rittet «Randsfjorden Rundt» som har start og målgang i Brandbu, i Oppland fylke. Dette er eit tur ritt som går rundt store deler av Randsfjorden og er verkeleg ein flott natur opplevelse i fin kombinasjon med trening.

Målsettinga til klubbens medlemmer var å gjennomføre dei 152 kilometerane på rundt 4 timar og 45 minutt, men det vart bytte av gruppe etter samtale med arrangøren og målsettinga vart brått 4 timar og 30 minutt J  Alle 3 gjennomførte på under denne tida og var såleis godt nøgde med det. Årets ritt hadde historisk deltakar rekord og kunne skilte med over 1400 personar til start.

Neste år håper ein å stille med ei større gruppe ryttarar frå USK og delta som eit samkjørt lag. Det hadde vore artig både før og ikkje minst under rittet.

Komande helg er det Bergen – Voss som går av stabelen og USK stiller også i år med fleire ryttarar på dette arrangementet som er eit ritt med rundt 5000-6000 deltakarar.

 

 

Slitne men fornøgde karar etter målgang…  Diplom høyrer med J

ransfjorden_rundt.jpg

ULSTEIN NORDEA-RITTET OG UNGDOMSCUPEN

2. PINSEDAG

samla 170 ryttarar til start

(138 Ulstein Nordea-rittet og 32 Ungdomscup)

 

 

 

 

 

 Dei tre beste kvinnene og mennene vann gåvepremiar, sponsa av Nordea. Dette var:

Britt Brekke Pedersen, Ulstein OSK   -  kr 1000,-

Mona Røyset, Ålesund og omegn ck  -  kr 500,-

Ingrid Fjellestad, Eidsfossen SK  -  kr 250,-

Martin N. Nevstad, TVK (Ulstein OSK)  -  kr 1000,-

Børge Remøy, Ulstein OSK  -  kr 500,-

Kristian Aasen Tjønneland, Førde CK  -  kr 250,-

 

 

 

 

 

 

 RESULTAT HER:

resultatliste_ulstein_nordea_rittet_og_ungdoms.pdf

TAKK TAKK TAKK TAKK!

Etter ein slik dag er det vanskeleg å få takke nok! Det hadde ikkje vore mogleg å arrangere eit så stort ritt, om ikkje vi hadde klart å samarbeide så godt. Når alle gjer det dei kan best, så kan det berre bli bra!

Takk til alle medlemmar, og ikkje minst dei frivillige som hjelper oss.

Takk til Andrè Muren frå InterSport Strauman, som hadde nok å henge fingrane i som servicemann ved start.

Toyota Ulsteinvik sponsa oss med bilar, vi vart brukt under ritta. Takk.

Ei ekstra stor takk til motorsykkelgjengen, som er uerstattelege. Dei gjer ein formidabel jobb ute i løypa. Desse stiller også frivillig.

Ei stor takk til Nordea, som har vore hovudsponsoren vår i alle desse fem åra.

 

Vi har også store aktørar i butikkar og bedrifter som har støtta oss med kjempe flotte gåver, som vi trekkjer på startnummera. Mange glade vinnarar i dag. Vil med dette takke:

  • Birger Sunde as - "Festina" klokke
  • Arbiro - allvêrsjakke
  • Brudevoll kjøtt as - 3 kg mør
  • Comfort Ulsteinvik - handduk og dusjartikklar
  • Bianco - gåvekort
  • T. Riise - gåvekort
  • Fargerike AS - handdukar
  • InterSport Straumane - flaskeholder (karbon)
  • G-sport Hofset as - sportlestar + bar
  • Libris Ulsteinvik - kokebok + te
  • P. F. Waage - smykke "Norgeshjerte"
  • Brandal Elektriske as - halogen lampe
  • Rolls-royce - tekniske T-skjorter
  • Tijera - hårkur
  • Euronics Hareid - blender
  • Ulstein OSK - sykkelregnjakke
Forhånd.1...45678910...42Neste

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening