us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

Takk, takk, takk

Då har vi alt på plass, etter eit vel gjennomført Ulsteinritt og Intersportritt. Veldig mykje skryt, men også konkrete tilbakemeldingar, som vi skal ta med i evalueringa. Det har vore eit stort apparat i sving, og eg vil med dette rette ei stor takk til alle i hovudarbeidsgruppa, medlemmane av styret, som har tatt ansvar for kvar sin hovuddel. Men utan alle medlemmane som hjelpte til, både i forkant og under rittet, ville dette sjølvsagt aldri ha gått. Ei av målsetjingane våre, var likavel at alle i klubben, som hadde ynskje om å sykle, skulle få gjere dette. Heile 28 av våre 76 medlemmar stilte på startstreken, og av dei kom 12 på enten 1.,2. eller 3. plass i si gruppe. For att dette kunne gjennomførast, var vi difor avhengig å få noko hjelp av frivillige, og det var ikkje noko problem. Berre velvilje å høyre. Dette var spesielt til vakthald.

Vi har under heile planleggingsfasen hatt spesielt fokus på service og sikkerheit, noko som er det ein ofte hugsar best når ein deltek på ritt rundt omkring i Noregs land. Likeins premiering og gåver til syklistane. Dette er dei tinga vi no har fått flest tilbakemeldingar på. "Eg har aldri følt meg så sikker som under dette rittet", er det vi har høyrt mange gongar. Likeins vart ryttarane lenger og lenger i "maska", etterkvart som vi kunne dele ut den eine gåva flottare enn den andre. Dette hugsar dei lenge. Alle gåveartiklane som vart trekt på startnummera, var gitt av butikkar og firmaer i Ulsteinvik og Hareid. Tusen takk til alle dokke.

For å kunne gjennomføre eit så stort ritt, blir det likevel store kostnader til m.a. lydanlegg, 1., 2. og 3. premiar til dei ulike klassene i det aktive rittet. Likeins til mat, dommarar og mykje materiell. Utan gåvemidlane vi fekk frå Sparebank1 med kr 7ooo,- og Island Offshore med kr 7ooo,-, hadde det ikkje gått. Tusen takk til dokke også.

Likeins spona ABB startnummera med kr 5 ooo,-, og Rema 1000 med sjokolade og bananar til alle sammen. Nordea gjorde det også atraktivt å konkurrere om beste mann/kvinne tida, då ei utlovde kr 3 ooo,- til kvar.

Quality Hotel Ulstein har også vore ein viktig aktør. Både burken av rom til sekreteriatet, toalett og tilbod til syklistar som ville overnatte, gjer at dette blir luksus, som syklistane hugsar og set stor pris på. Takk til kokken som sette sammen rittbuffeen.

Til slutt vil eg takke publikum. Fekk mange kompliment på kor artig dette var, med både fart og spenning.

Håper vi kan rekne med dokke alle, når vi til vinteren byrjar planlegginga av Ulsteinrittet 2010.

leiar

 

Resultat Ulsteinrittet 2009 - aktivtritt

Justering mandag kl. 22.45

Ulstein_og_omegn_landevegsritt_2009_rev3.xls

Resultat Ulsteinrittet 2009 - Turritt

Justert mandag kl. 22.45

Ulstein_og_omegn_turritt_2009_rev2.xls

Intersportrittet 2009

21 ryttarar deltok i trimrittet rundt Dimnøya.

Severin Ola Myklebust, Ulstein og omegn sykkelklubb kom først i mål på 35.08 min. Dei 20 andre deltakarane gjennomførte den 20 km løypa i fin stil. I tillegg til Myklebust deltok:

  •   Karina Flø Standal, Vatne
  •   Oliver Flø Standal, Vatne
  •   Kristian H. Flø Standal, Vatne
  •   Ronny Hasund, Ulsteinvik
  •   Gustav Hasund, Ulsteinvik
  •   Ole M. Tjønneland, Førde
  •   Kristian Tjønneland, Førde
  •   Ann Skotheim, Ulsteinvik
  •   Knut Egil Hasund, Ulsteinvik
  •   Øystein Skare, Volda
  •   Stian Høydal, Volda
  •   Kristoffer Skare, Volda
  •   Ann Karete Breivik, Haddal
  •   Jan Harald Jøsokbakke, Haddal
  •   Leif Rune Solås, Ulsteinvik
  •   Karl Johan Mork, Ulsteinvik
  •   Hans Markus Rise Pedersen, Ulsteinvik
  •   Elisabeth Rise Pedersen, Ulsteinvik
  •   Håvard Holstad, Ulsteinvik
  •   Ronny Smoge, Ulsteinvik                    

FANTASTISK  RITTDAG

ULSTEINRITTET 2009 BLIR OMTALT I STORE ORD og arrangørane har hvertfall hatt ein veldig flott dag. (Nesten) alt klaffa. Vêret gjorde også sitt til at dette vart flott også for ryttarane.

108 ryttarar stilte til start, og nesten alle kom til mål ved eiga maskin. Punkteringar og velt, er noko ein må rekne med, noko vi også fekk oppleve.

RESULTATLISTA er det vi no strever litt med, men i løpet av søndagen vil vi legge den ut og sende den til media.

            Men beste mann over mål vart :

                                 Jan Ove Standal, Ålesund og omegn CK -  1.42.34

            Beste kvinner: Helene Hørte, Birkenes IL-sykkelklubb (Kristiansand)

                                 ELisabeth Livgård, Andebarkji-TSK (Hedemark)

                                 Desse to kom hand i hand over mål.

Det var NORDEA Ulsteinvik som gav kr 3 ooo,-, til beste mann og kvinne. Sidan dei kom ilag over mål, valde kvinnene å dele premien, med kr 1 500,- til kvar.

Pga. feil køyring i siste rundkøyring, fekk to ryttarar 3 min tilleggstid.

PREMIER OG GEVINSTER som ikkje vart henta, vil bli sendt ryttarane.

Tusen takk til alle som hjelpte til og til alle ryttarane som deltok.

Takk til dommarane: Arne Vik, Ålesund og omegn CK (sjefskommissær)

                            Erlend Andersen, Ørsta Cykleklubb (Jurymedlem)

                             Eldar Høidal, Sykkylven Sykkelklubb (Jurymedlem)

Tusen takk til alle firma og butikkar som stilte med kjempe mange og flotte premiar. Vi takkar:

        Ulstein apotek:  1/3 premiar til aktivt ritt

Hofset G-sport: 1/3 premiar til aktivt ritt

ABB:  sponsa startnummera

Rolls-royce:  buffer og vester

XL Marine: lån av dommarbil

Rema 1000: sponsing med banan og New Energi

GÅVE

FIRMA/BUTIKK

Festina  sportklokke

+ 3stk caps og 3 stk solbiller

Urmaker Birger Sunde

Gåvekort 300,-

Ringstad Blomster

Elektronisk badevekt

Comfort Rørservice

Gåvekort 300,-

Wallaker Bakeri

Hårpleieprodukt  (verdi ca 1000,- kr)

Tijera Frisør

Gåvepakke

Fønix frisør

Gåvekort kr 300,-

Waage gull

Allversjakke (verdi ca. kr 700,-)

Aribo

3 sett Devold ullkle

Fristad

Fruktkorg

Meny Ulsteinvik

3 kg tørrmør

Brudevoll Kjøtt

2 stk. t-skjorte

 MX Sport Hareid

Gåvekort

T. Riise

Fruktkorg

EuroSpar Hareid

Gåvepakke (for menn)

Pernilles Qlinuque

Jakke + tape

Tess

GPS til bil

Astrup

 Pulsklokke

Ulstein IT Partner

 GPS (for altmulig)

Ulstein IT Partner

Gåvepakning med dusj og badeartikl.

Hareid Rør og Interiør

Brannsikrings-materiell

Dimmen Brannservice

Forhånd.1...37383940
Ulstein Nordea Rittet 2018 er AVLYST
Grunna omfattande krav til utdanning av vakter har vi desverre avlyst rittet for 2018Ulstein og Omegn Sykkelklubb er svært lei for at vi må avlyse rittet og vil jobbe for å få utdanna og godkjent vakter til 2019 slik at vi kan arrangere rittet igjen. Medlemmer og publikum som ønskjer å hjelpe til enten som personvakt eller motorsykkelvakt kan kontakte klubben.  Arnfinn Oksavik, Leiar tel 90686931
15.05.18 15:40
Film frå Ulstein Nordea Rittet 2017
Himmelhøgt Media & Profilering har laga film frå årets Ulstein Nordea Rittet.
25.05.17 10:03
RESULTATLISTA ETTER ULSTEIN NORDEA-RITTET 2017 OG SPAREBANKEN MØRE RECERCUP
Ulstein og Omegn SK Ulstein Nordearittet Resultatliste Ulsteinvik 21.05.2017 Plass Startnr UCI U23Navn Klubb Tid Etter K17-19 70,0 KM / 30,16 KM/h 1 1 NOR20000110 BERSTAD Eileen Grete Ulstein og Omegn SK 2:19:16 0:00:00 M17-19 70,0 KM / 39,97 KM/h 1 5 NOR20001010 BJERKVIK Håkon Nore Ålesund og Omegn CK 1:45:04 = 2 4 NOR19990507 SMISETHJELL Ole Bjørn Molde CK 1:45:09 0:00:05 3 2 NOR20001204 VEMØY Vetle Ålesund og Omegn CK 1:47:29 0:02:25 4 7 NOR19991102 RIMEREIT Ole Åkernes Ålesund og Omegn CK 1:50:52 0:05:48 5 3 ERI19980921 * ABRAHAM Medhanie Daniel Flora CK 2:01:22 0:16:18 6 6 NOR20001228 FJØRTOFT Håkon Ulstein og Omegn SK 2:03:33 0:18:29 M20-29 70,0 KM / 40,04 KM/h 1 9 NOR19951206 * TJØNNELAND Kristian Førde CK 1:44:54 0:00:00 2 61 NOR18991230 MYKLEBUST David Dagestad Ørsta SK 1:44:57 0:00:03 3 8 NOR19950626 * RIMEREIT Lars Åkernes ÅOC 1:50:47 0:05:53 4 10 NOR19940215 TOMREN Marius Molde CK 1:59:40 0:14:46 K30-39 70,0 KM / 28,27 KM/h 1 12 NOR19820304 ENGESET Monica H Ørsta SK 2:28:35 0:00:00 2 11 NOR19790111 BJØRNESET Olaug NRK BIL 2:41:09 0:12:34 M30-39 70,0 KM / 40,01 KM/h 1 18 NOR19790127 REMØY Børge Ulstein og Omegn SK 1:44:59 0:00:00 2 14 NOR19800916 SØHOLT Hogne Ørsta SK 1:51:05 0:06:06 3 17 NOR19800202 RØYSETH Alf-Christian Ålesund og Omegn CK 1:54:06 0:09:07 4 13 NOR19840916 FOLLEVÅG Frode 1:59:47 0:14:48 5 19 NOR19840615 KVERNEVIK Oskar Joakim 2:01:23 0:16:24 6 16 NOR19790520 LESNIAK Slawomir 2:18:58 0:33:59 K40-49 70,0 KM / 34,24 KM/h 1 22 NOR19690722 RØYSET Mona Ålesund og Omegn CK 2:02:40 0:00:00 2 24 NOR19721213 HAUG Synnøve Ulstein og Omegn SK 2:19:41 0:17:01 3 23 NOR19700223 DOMSTEIN Torill Gjerde Måløy IL 2:41:11 0:38:31 M40-49 70,0 KM / 39,97 KM/h 1 39 NOR19770404 FISKERSTRAND André Ålesund og Omegn CK 1:45:05 0:00:00 2 32 NOR19690204 DYB Terje Ålesund og Omegn CK 1:45:09 0:00:04 3 31 NOR19690124 STANDAL Jan Ove Stryn T og IL Sykkel 1:45:21 0:00:16 4 37 NOR19750419 HØYVIK Nils-Kristian Ålesund og Omegn CK 1:47:44 0:02:39 5 29 NOR19761223 EIMHJELLEN Per Erik Sandane SK 1:50:41 0:05:36 6 35 NOR19761014 DIEZ Javier Ålesund og Omegn CK 1:50:45 0:05:40 7 38 NOR19760101 LAUSUND Erling Sula SK 1:53:40 0:08:35 8 30 NOR19760504 SKJONG Sindre Ålesund og Omegn CK 1:53:43 0:08:38 9 27 NOR19770203 GLOPPESTAD Espen Ålesund og Omegn CK 1:59:57 0:14:52 10 28 NOR18991230 STANKIN Vitaly Ulstein og Omegn SK 2:11:22 0:26:17 11 25 NOR19700811 JØRGENSEN Sverre Sula SK 2:12:36 0:27:31 12 36 NOR19700527 ØVERENG Harald Ulstein og Omegn SK 2:19:29 0:34:24 13 33 NOR19710519 BERSTAD Helge Ulstein og Omegn SK 2:19:33 0:34:28 14 26 NOR19741114 ENGESET Pål K Ørsta SK 2:28:38 0:43:33 15 34 NOR19691129 ELIASSEN Arnfinn Stranda SK 2:38:01 0:52:56 M50-59 70,0 KM / 37,96 KM/h 1 44 NOR19661208 KRISTIANSEN Geir Flora CK 1:50:39 0:00:00 2 50 NOR19660427 SIRA Ben Erik Ørsta SK 1:50:41 0:00:02 3 49 NOR19620624 GRIBBESTAD Stig Ålesund og Omegn CK 1:50:45 0:00:06 4 42 NOR19620525 HAMMERSLAND Henry Arne Sandane SK 1:50:54 0:00:15 5 52 NOR19660506 ALNES Øyvind Arne Ålesund og Omegn CK 1:52:35 0:01:56 6 60 NOR18991230 MJELTEVIK Arild Sykkylven SK 1:53:44 0:03:05 7 40 NOR19651121 VALKVÆ Oskar Kåre Ålesund og Omegn CK 1:59:43 0:09:04 8 51 NOR19600308 OKSAVIK Arnfinn Ulstein og Omegn SK 1:59:50 0:09:11 9 41 NOR19620407 HAVÅG Tor Wilhelm Ulstein og Omegn SK 2:04:20 0:13:41 10 43 NOR19600205 KJØPSTAD Martin Vestnes Varfjell IL 2:12:13 0:21:34 11 47 NOR19620326 KVERNEVIK John 2:12:28 0:21:49 12 46 NOR19650511 RIMEREIT Bård Ålesund og Omegn CK 2:12:53 0:22:14 13 45 NOR19650613 ELIASSEN Ingvar Ola Stranda SK 2:19:33 0:28:54 14 48 NOR19661208 STRAND Pål Idar Ulstein og Omegn SK 2:19:41 0:29:02 15 59 NOR19660205 ROPPEN Stig Ulstein og Omegn SK 2:41:19 0:50:40 M60-69 70,0 KM / 35,00 KM/h 1 55 NOR19560912 HØIDAL Eldar Sykkylven SK 1:59:59 0:00:00 2 54 NOR19551116 MYKLEBUST Arne Sandane SK 2:00:25 0:00:26 3 53 NOR18991230 FRØYSTAD Jon Peter Ulstein og Omegn SK 2:18:58 0:18:59 4 56 NOR19501110 RÅSBERG Atle Måløy IL 2:41:15 0:41:16 M70+ 70,0 KM / 30,07 KM/h 1 57 NOR19471228 BERGSETH Magne Ulstein og Omegn SK 2:19:41 0:00:00 K11-12 1 101 NOR20060904 ULLELAND Kamilla Molde CK 0:48:02 = M11-12 1 102 NOR20050321 BERSTAD Ludvik Ulstein og Omegn SK 0:42:15 = 2 62 NOR18991230 VIKEBAKK Olavius Bjåstad Hareid SK 0:47:56 0:05:41 K13-14 1 103 NOR20031024 BERSTAD Angelica Ulstein og Omegn SK 1:07:15 0:00:00 M13-14 1 106 NOR20040903 NAKKEN Tobias Risan Molde CK 0:52:02 = 2 107 NOR20030122 HOLLINGSÆTER Fredrik R. Molde CK 0:57:37 0:05:35 3 105 NOR20040615 STORBRÅTEN Philip Rauma SK 1:05:53 0:13:51 4 104 NOR20030309 HEILEVANG Reidar Andre Molde CK 1:06:16 0:14:14 M15-16 1 108 NOR20020221 ULLELAND Sigve Molde CK 0:51:42 0:00:00 2 109 NOR20020929 NAKKEN Sebastian Risan Molde CK 0:51:53 0:00:11 3 110 NOR20020929 STORBRÅTEN Oliver Rauma SK 0:57:47 0:06:05
21.05.17 17:31

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening