Fellestreningar vinteren 2015
Kvar torsdag kl. 18.oo, har vi klubbspinning på Aktivsenteret på Varleitet.
Søndag 25.1 starter vi opp innendørs sykkling i den nye Ulsteinhallen,
møt opp kl 18.10 for gjennomgang av regler.
Sjølve treninga starter kl. 18.30, racersykkelen må vere heilt rein og tørr..
Vi vil gratulere Martin Notøy Nevstad med sølv i banesykkling i Polen.
TRENINGER HAUSTEN 2014
Tirsdag kl 18.00 shell,landevei
Torsdag kl 18.00 shell-Fjelle-Eksund,offroad
Søndag kl 11.00 shell,rolig langtur

Randsfjorden rundt 2014:
I år deltok Ottar Vattøy, Harald Øvereng, Helge Berstad, Jan Helge Djupvik, Leiv Jakob Berstad og Solgunn Berstad som representantar for Ulstein og Omegn Sykkelklubb (Ulstein OSK) på rittet «Randsfjorden Rundt». Øyvind Hansen var også påmeldt men måtte melde avbod etter ordre frå lege grunna lungebetennelse. Rittet har start og målgang i Brandbu, i Oppland fylke. Dette er eit tur ritt som går rundt store deler av Randsfjorden og er verkeleg ein flott natur opplevelse i fin kombinasjon med trening.
Målsettinga til klubbens medlemmer var i år å gjennomføre dei 152 kilometerane på rundt 4 timar og 15 minutt. Til samanlikning var målsettinga for 2013 4 timar og 30 minutt J Alle 6 gjennomførte samla og passerte målstreken på 4 timar og 16 minutt og var godt nøgde med det. Årets ritt hadde rundt 1300 påmeldte deltakarar. Ulstein OSK stilte som sagt med 6 deltakarar, dette er dobbelt så mange som året før.
Det skal også være sagt at rittet Bergen – Voss gjekk i år på same dag som Randsfjorden Rundt, dette må seiast og være veldig ugunstig for ein klubb med få aktive medlemmar i ritt samanheng.
Bilder frå Ulstein Nordea-rittet 2014
Forhånd.1234567...41Neste |