us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

GATERITT FOR UNGDOM 18. APRIL

Søndag 18. april klokka 13.oo, skal vi arrangere Ulstein Nordea rittet 2010.

Etter fellesstarten vil vi, i samarbeid med idrettselevar frå Ulstein vidaregåande skule, arrangere gateritt for ungdom i Ulsteinvik sentrum.


Klassane blir:

K/M: 12 år

K/M: 13 år

K/M: 14 år

K/M: 15-16 år

Blir det få startande i ei eller nokre klasser, vil det bli fellesstart, men med klassevinnarar.

Løypa går i masterrunda til Ulstein Nordea rittet, med start og mål i Strandgata ved Quality Ulstein Hotel. Så går den opp mot Amfi, bort Bjørndalsveien, ned mellom Blåhuset og Bunnpris og ut i Strandgata att. Alle klassene skal køyre tre runder, tilsaman ca. 2,5 km.

Premier til alle!

Påmelding: i sekreteriatet ved Quality Ulstein Hotell, rittdagen frå kl. 11.00.

Påmeldingsavgift: kr 50,- pr. pers. (då er du forsikre under rittet)

PÅBUDT MED HJELM!!

 

styret

Heilårslisens

For dei som skal teikne heilårslisens, kontakt leiar.

Prisar blir kun sendt ut til leiarane i kvar klubb, og det er klubben som melder inn til NCF.

Nytt av året, er at den enkelte får rekninga/fakturaen tilsendt på mail. Likeins får du også kvittering rett til mailen, når NCF har registert innbetalinga. Då kan du sjølv skrive ut kvitteringa.

Hugs å melde om du skal ha vanleg heilårslisens, eller utvida. Utvida dekkjer også skader under trening.

 

leiar

FELLESRITT  FOR  2010

Årsmøte vedtok at "Styrkeprøven", enten strekninga Lillehammer - Oslo eller Hamar - Oslo (berre for damer) og "Birkebeinarrittet" er dei fellesritta der klubben brukar pengar i år.

Klubben betaler max kr 10 000,- pr. ritt for felles buss og sjåfør, så det kan bli ein liten eigenandel. Kvar enkelt betaler overnattinga. Kontakt enten Lindor Ulstein eller Kjell Bjørn Hatlebakk ang. overnatting.

Når det gjeld "Styrkeprøven" skal vi overnatte på Lillehammer og Hamar natt til laurdag, og så overnattar vi i Oslo frå laurdag til søndag.

Vi er pr. dags dato seks damer som skal starte frå Hamar, og sju menn frå Lillehammer. Men det er plass til fleire.

 

leiar

Medlemskontigent for 2010

*  Barn og ungdom (opp til 16 år): kr 150,-

*  Enkeltmedlem (16 - 100 år):  kr 350,-

*  Familie (vaksne + barn t.o.m. 15 år): kr 500,-

Vi har auka litt medlemskontigenten for 2010. Dette pga. at det er umogleg å få kasserar i klubben. Difor har vi sett vekk føringa av regnskapet til eit firma, og Elly Kirkeslett tok då på seg det daglege med inn-/utbetalingar. Dette kostar litt, og årsmøte vedtok difor einstemmig å auke kontigenten.

Alle medlemmar må betale innan 15. mars til konto 3910.35.44347.

 

styret

Det nye styret 2010

Onsdag 17. februar hadde klubben årsmøte på Ulstein ungdomsskule. 25 medlemmar møtte. Bra!

Det nye styret er:

Leiar:  Aud Janne Hatlebakk, Ulsteinvik

Nestleiar: Jan Einar Hovden, Hareid

Kasserar: Elly Kirkeslett, Ulsteinvik

Styremedlem: Lindor Ulstein, Ulsteinvik

Styremedlem: Jon Aklestad, Herøy

Ungdomsrepresentant: Christoffer Endresen, Herøy

Varamedlem (m/møteplikt): Stig Hole, Ulsteinvik

Forhånd.1...31323334353637...42Neste

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening