us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

TIL rittet

Søndag 27/6 var det Tomrefjorden som arrangerte ritt. Dei hadde lagt på løypa med ei runde, slik den i år var på 112 km. Frå Ulstein OSK stilte to ryttarar, Martin (på veg heim frå NM) og Eirik Knutsen, begge i klassa 17 - 19 år.

Gutar 17-19 år:

1. Martin Notøy Nevstad, Ulstein OSK  3:09:50

9. Eirik Knutsen, Ulstein OSK  3:39:53

For fleire resultat: her

NM 2010

I år var det fem klubber rundt Trondheim som arrangerte NM. Frå Ulstein og Omegn sykkelklubb var det Martin Notøy Nevstad som sette både seg sjølv og klubben på "kartet".

Kjempe bra innsats i eit vanvittig hardt junior NM.

Martin deltok i tre av konkurransegreinene på tre dagar. Han hadde også meldt seg på gaterittet søndag 20/6, men etter ranking-bestemmelsane til NCF, var det berre dei 60 beste som fekk starte. Sidan Martin var sjuk under NC på Eidsvoll, fekk han altså ikkje starte her, men viste musklar på det han var med på elles.

Torsdag 24/6 var det NM Tempo:

Martin kom på 54. plass av 99 som fullførte, 2:52 min. bak vinnaren.

Fredag 25/6 - NM bane lang (3000 m):

Martin kom på 9. plass, berre 16,3 sek. etter vinnaren!!

Laurdag 26/6 var det NM Fellestart:

Martin kom då på 40. plass av dei 85 som fullførte. Han gjekk i brudd på 5. runde og drog godt i frå og leda inn mot 7. runde, men vart då innhenta. Kjempe innsats! Kan nemne at mellom 27. og 40. plass er det snakk om 30 sek.

Bloggen frå rittet og speaker kan lesast her

Styrkeprøven 2010

I helga var det 14 medlemmar som deltok på ulike distansar under Styrkeprøven 2010. To fullførte distansa frå Trondheim - Oslo (54 mil), åtte valde dei 19 mila frå Lillehammer og fire damer frå Hamar - Oslo (13 mil).

Det var eit nydeleg vêr med godt over 20 gr og lite vind, for dei som sykla frå Lillehammer/Hamar, men noko kaldare om natta for dei som sykla frå Trondheim. Men alle kom uskadde og vel nøgde til mål.

Sosialt og kjekt, og ikkje minst fantastisk å sjå kor mange spreke syklistar det er rundt omkring, både i Noreg og nabolanda. Dette var veldig synleg på fellesstarten i Hamar, der 600 kvinner startar samstundes.

Tondheim - Oslo:

Svanhild Hasfjord Rise, Ulstein OSK (47 år)   26:05:17    26.plass av 115

Irving Haraldson, Ulstein OSK (37 år)  22:27:32  251. pl av 1592

Lillehammer - Oslo:

Ørjan Djupvik, Ulstein OSK (17 år)  6:05:08  54 pl. av 1568

Robertas Urca, Ulstein OSK (31 år)  4:56:26  38 pl. av 383

Ole Osnes, Ulstein OSK (42 år)  5:11:16  147. pl. av 661

Kjell Bjørn Hatlebakk, Ulstein OSK (49 år)  5:10:44  109 pl. av 642

Lindor Ulstein, Ulstein OSK, (54 år)  6:16:20  177. pl av 1720

Jan Helge Djupvik, Ulstein OSK (55 år)  5:10:44  19. pl av 642

Geir Jøsok, Ulstein OSK ( 55 år)  5:11:16  21. pl av 661

Arve Rise, Ulstein OSK (55 år)  6:37:27  104. pl av 1938

Hamar - Oslo:

Norunn Dimmen, Ulstein OSK (40 år)  3:56:59  7. pl av 22

Aud Janne Hatlebakk, Ulstein OSK (45år)  4:44:55  14. pl av 118

Aud Jøsok, Ulstein OSK (49 år)  5:02:22  22. pl av 182

Elly Kirkeslett, Ulstein OSK (56 år)  6:09:44  19 pl. av 369


Norge Rundt for kreftsaka

Laurdag 19.juni kl. 12.oo startar Christoffer Endresen, Ulstein OSK, på sykkelrunda Norge rundt. Det vil seie ca. 5.250 kilometer fordelt på 40 dagar. Han har fått utruleg mykje støtte, etter at han i fjor inngjekk eit veddemål, og har jobba iherdig med å samle inn sponsorar og pengar, som går til Kreftforeninga sitt arbeid. Til no har han samla inn over 300 000,- kr. og meir blir det heilt sikkert.

Som klubb oppmodar styret om å vere med å støtte Christoffer i det han legg ut frå Almeningskaia i Fosnavåg på laurdag, og sykle saman med han dei få mila til Eiksund. Det hadde vore kjekt å sjå ein hærskare av gule syklistar i kjølvatnet hans.

TV2 kjem til å følgje Christoffer langs vegen, frå start til mål. Dekninga vil hovudsakleg bli samkøyrd med sendingane frå årets Tour d`France i perioden 3. - 25. juli, og på nettsidene sine.

Christoffer har også ei eiga nettside, der han vil skrive kvar dag under turen. Det er berre å gå inn på www.norgerundt.com å føgje med.

Vi ønkjer han alle saman ein god tur, og håper han får mange gode og oppmuntrande ord og medsyklistar på vegen. Vi skal heie her heime, eller kanskje til og med sykle saman med han, om nokon er i sykkel ruta hans på ferie.

Bergen - Voss

På dei 17 mila frå Bergen til Voss, deltok fem ryttar frå Ulstein og Omegn sykkelklubb.

Tor Wilhelm Havåg, Ulstein OSK, 5:45:05

Vidar Pettersen, Ulstein OSK, 5:55:02

Tor Ove Stenersen, Ulstein OSK, 6:04:12

Arve Rise, Ulstein OSK, 6:35:11

Lise T. Stenersen, Ulstein OSK, 7:04:10

 

Flott levert!

Forhånd.1...27282930313233...42Neste

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening