us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

NYE HOVUDSPONSORAR

Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.

Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS, som vi har vore så heldige å hatt som sponsorar heilt frå starten av. I tillegg har vi no avtalar med Island Offshore, Libra Plast, Toyota Ulsteinvik og Hareid Group. Vi takkar så mykje.

Det er desse logoane som dei neste tre åra vil vise att på dei nye klubbtrøyene, på heimesida- og skaphengaren vår.

Vi har fått medlemsfordelar hos eitt par av desse bedriftene.

I tillegg har vi avtalar både med Aktivtrening og InterSport som tidligare.

Nordea er også i år hovudsponsor for Ulstein Nordea rittet 25.april (2.påskedag).

 

leiar

ALLE SOM SKAL TEIKNE HEILÅRSLISENS MÅ SJØLVSAGT FØRST BETALE MEDLEMSAVGIFT TIL ULSTEIN OSK!

Grasrotandelen

Oppfordrer alle medlemmar og andre som vil støtte oss å registrere støtta til Ulstein og Omegn sykkelklubb på spelekortet sitt. Dette kan du gjere enten ved å gå inn på nettet eller så gjer dei dette på butikken/kiosken der du spelar på spel frå Norsk Tipping AS. Då oppgir du berre namnet på den klubben du vil støtte og så registrerer dei det for deg.

Styrke og kondisjon

For dei som er medlemar på Aktivtrening, er det veldig bra å satse på styrke/kondisjonstreningane - t.d. Bootcamp - som blir køyrd tirsdagar i Ulsteinvik kl. 18.00 - 19.00 for gutta/menn og kl. 19.000 - 20.00 for jenter/kvinner. Dette er ein slagt styrke-sirkel trening, som passar veldig bra til syklistar no når sesongen er over. Dei som gjekk i fjor vinter/vår fekk mykje ut av desse timane.

I år er det Stine Løvoll, som er utdanna personleg trenar, som har treningane for menn og Aud Janne Hatlebakk som har kvinnene.

I Herøy har dei to dagar, både onsdag og fredag, der dei køyrer ein time sykkel og så ein halv time styrke rett etter. Veldig bra!

Ingenting å utsette, berre begynn med det samme!

 

HUGS! meld deg på tidligast kl. 22.00 to dagar før eller seinast ein time før timen tar til, og avbestill om du ikkje kan, då det ofte er fulle timar.

Glossglockner

Tysdag 13.juli 2010, klokka 11.00 starta eg på min finaste sykkeltur i år, frå Zell am See ( 650 moh.) til Fuscher Törl (2428 moh.) som har utsikt til Grossglockner (3978 moh), Austerrike sitt høgaste fjell.

Det var ein solfylt og svært varm dag, gradestokken viste ca. 28 gr., så å kle seg var enkel; klubb t-skjorte og kort sykkelshorts. Eg la i veg på den 2.8 mil lange etappen. Dei første 3-4 km var flate, men så møtte eg ”veggen”! Løypa gjekk no rett i ein bakke som varde heilt til topps, bortsett frå ei flate på ca. 100 m tidleg i leiken. Pulsklokka var min følgjesvenn, og skulle gi meg signal om ikkje å starte for hardt, og sprekke halvvegs. Mitt første mål var å sykle til 1500 moh. i vert fall.

Vegen opp til toppen består av 21 serpentiner-svingar, og har ein fantastisk natur. Glossglockner-passet er eit svært populær sykkelmål, slik også denne dagen. Eg hadde fleire gode syklistar  framom (og bakanfor meg), så eg hadde god pes. Nesten halvvegs møtte eg ein bomstasjon. Heldigvis er det gratis for syklistar, medan Aud Janne som kom køyrande etter med drikke og varme klede! måtte betale 28 euro. Etter dette vart det brattare, no varsla skilta 12 % stigning. Då eg passerte 1500 moh. og hadde fått ny næring og drikkeflaske, bestemte eg meg for å prøve og nå 2000 moh. Beina var framleis fine, takka være følgjesvennen min (pulsklokka altså).

Ved neste målpassering på 2000 m såg eg toppen – trudde eg, og fekk nye krefter og passerte fleire av ryttarane som hadde lege framom meg. Så etter 2 t16 min. nådde eg endeleg toppen!!  Eg gjekk stolt av sykkelen, snudde meg og skua utover det fantastiske landskapet, då eg jammen meg såg ein topp til!!! Men då var eg fint ferdig for dagen, og tørre klede og mat var det som stod for tur.

Etter å ha kvilt og strekt ut, rusla vi i staden opp den bratte kneika til Edelweiss Spitze (2571 moh.), der vi sjølvsagt tok oss ein is og sola oss. Dei varme kleda var berre å gløyme. Sjølv i denne høgda var det godt over 20 gr. Rundt oss var det veldig grønt og blomster floraen lyste mot oss i all sin fargeskrud. Sjølv kyrne hadde det storvegs der dei gjekk fredleg rundt i landskapet. Kanskje dei var på høgdetrening? Mjølgedop?!

Sykkeltur – treningstur – naturoppleving! – uansett, denne turen kan sterkt anbefalast.

Kjell Bjørn Hatlebakk

Forhånd.1...21222324252627...42Neste

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening