us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

RAPPORT FRÅ DAG  5 OG 6

DAG 5, EIN VELFORTJENT FRIDAG SOM VART BRUKT SOLING OG BYTUR TIL CARTAGENA. TORMOD VART RAUD SOM EIN TOMAT,ETTER EIN HEIL DAG MED SOLING.

DAG 6, BIRGER,KRISTOFFER,PETER,CHRISTOFFER OG KJELL BJØRN SYKLA 8 MIL I SOL OG EIN DEL VIND. TUREN VART AVSLUTTA MED GOKARTKJØYRING.

NESSETGUTTA OG TORMOD SYKLA 18 MIL, IMPONERENDE AV TORMOD. DEI HADDE 5 PUNKTERINGER,LITT REGN OG SOL OG VIND. PÅ GRUNN AV ATT DEI IKKJE RAKK FERJA MÅTTA DEI SYKLE 4 MIL EKSTRA, DET VAR MØRKT NÅR DEI KOM HEIM.

Treningsleir; dag 3 og 4

Her i Spania kosar vi oss vidare, og i dag (dag 4) har sola skine heile dagen.

Dag 3:

Dagen starta sjølvsagt med fellesfrukost, og det er ikkje lite som går med når sju mann/tennåringar skal både ete seg opp og smøre niste. Klokka 10.30 gjekk båten som vi tok over til andre sida av innsjøen, og vegen vidare gjekk både opp, ned, fram og tilbake. Det var ikkje så enkelt å finne fram, men tilsaman vart det 100 km, i fint vêr men STERK motvind siste to mila. Kvelden vart avslutta med yatzy turnering og pizza.

Dag 4:

I dag delte gutta seg i to, der dei "eldste" sykla inn i landet og bakke opp og bakke ned, med tempo sykling på flata og innlagt to lengre matstopp. Det vart 150 km i det flotte vêret.

Dei yngste var att på La Manga med to treningsøkter også i dag. På føremiddag var det knallhard styrkehinder trening, så nokre timar kvile, soling og mat, før det på ettermiddag var klar for temposykling ein times tid.

Etter treninga var alle klar for nokre fat havregraut, så havregryna og melka får verkeleg føter å gå på. Til eit mål går det med tre liter melk og vatn ++ så det er ingen som lider noko nød her sør.

Vi skal no avslutte dagen med kyllingtaco.

Treningsleir - La Manga, Spania 2011

la_manga__uosk_024492.jpg

Rapport: Dag 1-2

Det var ein tidlig start på vår treningsleir. Dei fleste av oss var våkne kl. 03.00 laurdags morgen. Takka vere Astor, Miriam og Ivar kom alle mann trygge fram til Vigra. Takket vere Peter Horn blei alle kraftig oppdatert på kva vi skulle fly med, og viss vi hadde ønska det kunne vi ha fått vite kvar den minste delen på flyet låg, kva den vegde og kvar den va produsert :)

Ein kort flytur til Oslo, og eit lite pitstopp på Gardermoen, før vi reiste vidare med SAS til Alicante. Det var ein rask og flott flytur, i følge Rem (detaljar blir tatt opp lenger nede i rapporten) som sov frå vi letta til vi landa.

Då vi kom fram og hadde tatt imot baggasjen skulle vi finne oss skyss til La Manga. Vi leita og vi leita, men fann ingen transport. Kjell Bjørn fekk litt panikk opp i det heile, men det ordna seg når vi spurte oss litt rundt. Det visste seg at vi ikkje hadde bestilt nokon minibussar. Nærmare sagt ein STOR BUSS!

8 mann fordelt på ein 52 seters turbuss gjorde at alle fekk god plass, og etter 1,5 time kom vi fram til El Oasis.

Vi fann lett fram til leiligheita, og det var litt av eit syn vi blei møtt med.

Ei flott 3 etasjers leiligheit, med garasje til syklane. Flott kjøkken, 3 bad og elles høg standar :) Vi bestemte oss for å ta ein rolig dag og kosa oss, sammen med 3 karar frå Nesset CK (Magnus Espeland, Vegard og Kristian Eliassen) på restaurant :)

 

DAG 2

Vi sov godt alle mann til kl 09.00 og åt felles frukost før vi gjorde oss klar for turens første sykkeltur. Det var lett overskya, men temperaturen var god. Etter tre mil kom regnet, og vi snudde nasa "heimover". Etter massasje og lunsj skya det av og vi var raskt klar for neste treningøkt. Blå himmel, kort shorts og kun trøye gjorde susen. Kom heim etter fem mil, så tilsammen åtte mil vart det denne dagen. Avslutta dagen med god middag og første kveld med yatzy turnering.

hilsen 7 gutar og leiar

Nye klubbdrakter

10_bike_lzr_ulstein_og_omegn_sykkelklubb_20675.jpg
klubbdrakter_2011.pdf
prisliste_klubbdrakter_2011.pdf

BLI MEDLEM

Vil du bli medlem av Ulstein og Omegn sykkelklubb gir du enkelt melding via heimesida vår.

  • trykk på Medlemsinfo på headingen
  • trykk på Bli medlem
  • les teksta
  • fyll ut skjemaet (dette blir sendt direkte til leiar og kasserar)

Hjarteleg velkomne skal de vere!

leiar

Forhånd.1...20212223242526...42Neste

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening