us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

Ulstein Nordea Rittet og Sparebanken Møre Resercup 2017(ungdomscup)

Søndag 21 mai kl 13:00 går starten for dette tradisjonsrike rittet over 70km. Løypa er som tidlegare år rundt Gurskøya med klokka. Ungdomscup for dei mellom 12 og 16 år går til Flø og tilbake med ei ekstra runde for dei eldste.

Trykk på den gule rubrikken til høgre på sida for info 

Årsmøte 2017

Alle medlemmer er velkomen til årsmøte tysdag 28. februar som vert halde på møteromet i Ulsteinhallen kl 19:00 - 22:00. Enkel servering 

ULSTEIN OG OMEGN SYKKELKLUBB  ÅRSMØTE 2017

Tysdag. 28. februar 2017 KLOKKA 19:00

STAD: Ulsteinhallen Møterom 2. etasje

SAKER 

Sak 1/17    Godkjenning av innkalling

Sak 2/17    Godkjenne dei frammøtte

Sak 3/17    Godkjenne sakliste

Sak 4/17    Velje ordstyrar og skrivar + to protokollunderskrivarar

Sak 5/17    Prosjekt Ulstein Sykkelpark

Sak 6/17     Handsaming av årsmelding 

Sak 7/17     Handsaming av  rekneskap 2016 i revidert stand

Sak 8/17    Fastsetje medlemskontingent for 2017
                    
Sak 9/17    Budsjett 2017

Sak 10/17    Val til styret v/valkomité                                                            

Sak 11/17   Innkomne forslag

Eventuelt

Resultat Ulstein Nordea-rittet 2016

Godt oppmøte trass dårlege vermeldinger, men timen før rittet letta det og forholda vart veldig bra!

Vel 80 stk stilte til start i dag.

resultater2016_nordearittet.pdf
ÅRSMØTE 2016

Årsmøte - sakliste

ULSTEIN OG OMEGN SYKKELKLUBB       

Onsdag 17. februar 2016

KLOKKA 19:00

STAD: kantina på Rolls-Royce Hjørungavåg (tidligare Odim)

KL.19.00   Stig Roppen held foredrag om sykling i Alpane og Pyreneene

KL.19.20   Diskusjon rundt fellestreninger og fellesturer

KL.19.45   Mark Winter presenterer pumpbane prosjektet

Kl.20.00   Servering av pizza

Kl.20.10   Sjølve årsmøte starter

 

Sak 1/16   Godkjenning av innkalling

Sak 2/16     Godkjenne dei frammøtte

Sak 3/16     Godkjenne sakliste

Sak 4/16     Velje dirigent og møtesekretær + to protokollunderskrivarar

Sak 5/16     Behandle årsmelding

Sak 6/16     Behandle rekneskap 2015 i revidert stand

Sak 7/16    Fastsetje medlemskontingent for 2016
                    
Sak 8/16     Budsjett 2016

Sak 9/16    Val til styret v/valkomité                                                            

Sak 10/16   Vedta nye vedtekter

Sak 11/16   Innkomne forslag

Eventuelt

Forhånd.12345...41Neste
TIRSDAGSTEMPO!!!
TIRSDAGSTEMPO!!!
Tempo treningsritt førstkommande tysdagI mangel av konkurranse sett vi igong ein uformell treningstempo T/R Flø frå reiten i Ulsteinvik. Løypa vert i alt i underkant av 18 km med 150 høgdemeter. Vi sett igong med første start 18:00 og avsluttar med rolig nedsykling i fellesskap etter endt ritt. Dette blir heilt uformelt og bare på gøy, så her er det ingen terskel for å møte opp. Ein får ikkje bruke temposykkel og spesialutstyr, her stiller alle likt med vanleg landevegssykkel.  Vi vil gje vekk eit gåvekort på 300kr frå Intersport til ein tilfeldig deltakar, det ryktast ei lita oppmerksomheit til pallplassane også, vel møtt! Leiar.
14.05.20 23:10
Reisebrev fra Costa del Sol
Reisebrev fra Costa del Sol
Her kjem eit lite samandrag av treningsleiren i Spania før Covid-19 plutselig satte alt på hovudet....Det var tre reisesjuke karar som møtte opp på Vigra ein kald, men fin dag i starten av Mars. For dei tre musketerane Frode Skauge, Martin Hovden Hareide og Peter Hagelund Horn låg 13 dagar på den godt kjente solkysten. Desse 13 dagane skule brukast på å få mange mil i beina og virkelig legge grunnlaget sesongen 2020.  Etter ei lang reise med to mellomlandingar og noko treig baggasje (dei har siesta heile døgnet i Spania) kom perane seg fram på hotellet. Valget kom på Holiday World Resort i Fuengirola like sør for Malaga. Hotellet har bra standard med stor veranda og kjøkken på rommet. Dette kom godt med for svoltne syklistar som ville nyte ettermiddagssola. Første dag på sykkelen gjekk innover i landet, vi lærte fort at Leikong-bakken er ganske slak i forhold til kva Andalucia har å skilte med. Men vi kom oss omsider til turens høgaste punkt Repetidor på over 900 meter. Etter dette gjekk turen i kupert og vakkert landskap innover landet før vi fann ei alternativ rute heim.  Dei to neste dagane kom begge på 110km, og høgdemeter blei spist som om det var popcorn. Etter tre lange dagar på sykkelen blei dag fire ein noko kortare tur, på denne turen fekk vi også selskap av Espen Sæther som syklar for Bergen sykkelklubb. Planen var at han skulle være med oss resten av oppholdet, men som dei fleste skjønner viser det seg at det skulle være ein stor kinesisk elefant i rommet som skulle sette ein stoppar for det, men meir om det seinare. Etter ein kviledag som bare kunne skilte med 1000 høgdemeter og 66km var vi klare for turens lengste og flottaste tur som tok oss oppp eit dalføre nord for Malaga. Her hadde vi milevis med ny asfalt og meir eller mindre bilfrie vegar. Dette er virkelig ei rute som må opplevast om ein skal kalle seg sykklist. Turen enda på over 14 mil og høgdemåleren passerte også 2000 høgdemeter slukt. For dei som er interesserte i tal hadde vi 26km/t i snittfart på litt over 5 timar sykling. Wattmåleren til undertegnede viste ett snitt på nesten 250w på turen, det var med andre ord ein knall dag på setet.  Etter denne turen begynte ting fort å snu mot det værre, det vart plutselig innført karantene når vi kom heim og situasjonen i verden hadde endra seg til det verre. Dagen etter vart brukt til mykje telefon heim, men vi rakk ei kortare økt på ettermiddagen med intervallar i fjella. Dette skulle vise seg å bli siste tur for denne gang.  Dagen derpå blei brukt til å booke alt for dyre flybillettar heim etterfulgt av pakking av koffert. Vi forsøkte å nyte freden på solsenga ein siste dag då vi såg at turen dessverre fort gjekk mot slutten noko prematurt. Som ei oppsummering er vi alle enige om at Andalucia i Spania e eit mekka for sykkel, temperaturar på linje med Gran Canaria kombinert med variert terreng i området gjer at det har alt ein kunne ønske seg, spesielt dersom man er en hund etter høgdemeter. 
24.03.20 22:24
Årsmøte 2020
Vi inviterar til årsmøte i Ulstein omegn sykkelklubbÅrsmøtet vert i år som ifjor i Ulsteinhallen. Det vert servert mat med oppmøte 19:00. Vi håpar so monge som mogleg velger å kome, meir info kjem når det nermar seg. Vel møtt,  Leiar.
12.02.20 18:45

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening