us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

Bilde frå Toyota Trimritt

TOYOTA TRIMRITT

Søndag 21. august kl. 14, stilte det 28 personar til start på årets trimritt, der løypa gjekk frå Toyota Ulsteinvik - Flø med retur. FInt og varmt då dei starta, men så kom regnet. Men det såg ikkje ut som det svekka humør og innsatsviljen. Det var hard kamp om beste tida, men denne gongen var det BIrger Sunde Johannson som gjekk av med sigeren, på den sterke tida 32:52.

Ved Flø Feriesenter skjedde uheldigvis det som er ein syklist sin store skrekk. Ein bil svinga av rett framfør ein av dei unge syklistane våre, slik at han vart påkøyrd. Heldigvis gjekk det forholdsvis bra med ungguten, som nok sit att med ei skikkeleg vond albue. Sporty nok fullførte han heile distansen etter møte med asfalten. 

Resultatlista:

1. Birger Sunde Johannson (M16-19) Ulstein OSK, 32:52

2. Dag Jonny Seljeseth (M40-49) Ulsteinvik, 32:55

3. Iver Vattøy (M12-15) Ulstein OSK, 32:56

4. Kristoffer Ulstein (M16-19) Ulstein OSK, 32:57

5. Ørjan S. Trulsen (M12-15) Ulstein OSK, 39:03

6. Trond Skeide (M40-49) Ulsteinvik, 43:53 

7. Arnt Jarle Johannsen (M50-59) Ulsteinvik, 44:43

8. Martin Svendsen Dimmen (M9-11) Ulstein OSK, 44:53

9. Nori Johannsen (K40-49) Ulsteinvik, 45:37

10. Eva Leirstad (K50-59) Ulstein OSK, 49:04

11. Richard Moldskred Hasund (M9-11), Ulsteinvik, 50:16

12. Joakim Ulstein (M9-11) Ulsteinvik, 51:35

Takkar Toyota Ulsteinvik og InterSport Straumane med flotte premiar.

TREBÅTFESTIVALEN 2011

Ulstein og Omegn sykkelklubb hadde godt besøk på standen vår laurdag under Trebåtfestivalen. Spesielt vart den konkurransa vi hadde populær, spesielt før dei yngste. Konkurransa gjekk ut på; Kven sykla lengst på 2 minutt? Det var sjølvsagt oppdelt i klassar, men det var klassene mellom 8 og 16 år som hanka inn flest deltakarar, men det var også deltakarar heilt oppe i 60 - 69 år. Det var også stor spreiing frå kommunane rundt her, og frå andre land både i Europa og USA.

Vi delte ut bøff til alle klassevinnarane, men hadde ei trekking på kven som vann dei to hovudpremiane. Det var Ronny Bårdslett (Ulsteinvik) som vann gratis medlemmskap for 2011/12, og Martine Leine Rafteseth (Hareid) i klassa 12-15 år som vann ei klubbskjorte.

Hovda Rundt

Geir Jøsok tok turen til Eidså og var med på Hovda Rundt.

Les om rittet og resultater her

Svartløken Offroad 2011

Ger Kåre Øvrelid - Sverre Nærø - Bjørn Oskar Holstad og Jon Peter Frøystad deltok i Svarløken Offroad.Gutta syklet godt og fikk ei god gjennomkjøring til Birken.

Resultatliste her

Forhånd.1...11121314151617...42Neste

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening