us_nyhende.png
Heim Epost Sidekart

Viktig!! ang. Birkebeinarrittet

Ulstein OSK vedtok på årsmøte og sponse medlemmar med buss til to store ritt. Også i år fall eit av vala på Birkebeinarrittet (det andre var Bergen-Voss).

Til no er det 14 medlemmar + ein som har kjøpt seg plass, meldt ifrå til leiar at dei vil vere med på dette opplegget. Vi har i år ordna overnatting på eit gardshus, 1,8 km frå startområde, noko som gjer det lettare for kvar enkelt å dra til start når dei sjølv måtte ønskje det, uavhengig av skyss. Ønskjer du overnattig (fred. - laurd.) her, så kostar det 1250,- for middag fredag kveld, oppreidd seng og frukost når vi ønskjer det.

ØNSKJER DU Å VERE MED PÅ DETTE OPPLEGGET, SÅ GI BESKJED INNAN ONSDAG 13. JUNI TIL LEIAR. Vi må betale halve beløpet som depositum innan utgongen av denne veka, så dette er svært viktig.

Dei som har meldt seg til no er: Bjørn Oskar Holstad, Geir Kåre Øvrelid, Ivar Øvrelid, Kjell Bjørn Hatlebakk, Jan Einar Hovden, Tormod Selmer, Morten Knutsen, Rasmuss Sundgot, Sverre Bjåstad, Bjørn H. Holstad, Ole Osnes, Modolf Hareid, Asbjørn Vattøy, Arve Rise, Olve Brandal

DÅ ER BUSS OG HENGAR FULL!!

Tour of Norway for kids i Ulsteinvik

1. pinsedag 2012 (27. mai) var Ulstein og omegn sykkelklubb medarrangør til Tour of Norway for kids. Det var 101 born som starta på denne fantastisk fine dagen. Sol frå skyfri himmel og godt og varmt, gjorde det ein skikkeleg festdag. Alderen på dei startande var frå 2 - 14 år.

TIL UTLÅN

Klubben har no kjøpt ein racersykkel til, som medlemmar kan låne. Den er 54 ramme og passer difor til ungdom/vaksen.

Frå før har vi ein litt mindre racersykkel til utlån for junior.

Ønskjer du å låne, så kontakt trenar på mobil 98857381

Medlemsfordelar

Klubben har ein del medlemsfordelar.

 Desse finn du under headingen Medlemsinfo øvst på sida. (dobbelklikk på Medlemsinfo)

RITTA I MØRE OG ROMSDAL 2012

  • Ulstein sykkelfestival - Bakkeritt lørdag 21. april
  • «Ulstein Nordea-rittet» landevegsritt, søndag 22. april
  • Orbea cup ritt, Ulsteinvik, søndag 22. april
  • Vårmila,landevei 1. mai (Kristiansund)
  • Tilrittet, landevei, søndag 6. mai + Orbea cup (Tomrefjorden)
  • Tilterreng lørdag 13. mai + Orbea cup
  • Ålesundsrittet 20. mai, landevei + Orbea cup
  • «Tour of Norway for kids» 25. mai (Åndalsnes)
  • «Tour of Norway for kids» 26. mai (Ålesund)
  • «Tour of Norway for kids» 27. mai (Ulsteinvik)
  • Ekornesrittet, terreng lørdag 2. juni
  • Fannetrampen, landevei 3. juni (Molde)
  • Atlanterhavsrittet 10. juni
  • Nibberittet, terrengritt – 16. juni + Orbea cup
  • Frænarittet, terreng 24. juni
  • Trollstigrittet, landevei, lørdag 30. juni + Orbea Cup
  • Isfjorden rundt, terrengritt, søndag 1. juli + Orbea Cup
  • Molde Challenge, terrengritt 14. juli + Orbea cup
  • Smøla rundt, landevei 14. juli
  • Eide sykkelfestival, terreng + landevei – 27.-29. juli
  • Orbea cup terreng ritt, Eide sykkelfestival 28. juli
  • Orbea cup landeveg, Eide sykkelfestival 29. juli
  • Ørstarittet, turritt 5. august  
  • Svartløken rundt, terreng 12. august + Orbea cup (Ålesund)
  • Sykkylvsrittet, tempo og landevei,19. august
  •  Alperittet, terreng 1. sept + Orbea cup (Stranda)
  • Orbea cup - rundbaneritt i Ørsta sentrum 8. september
Forhånd.1...9101112131415...42Neste

 

Ulstein Nordea-rittet 2017

NYE HOVUDSPONSORAR
Vi har no teikna nye treårige sponsoravtalar med seks bedrifter i Ulstein og Hareid.Rolls-Royce og Hareid Rør & Interiør AS.
Vi har avtaler med:
Intersport Staumane og Aktivtrening